Informasjon om Verdsarvskulen - Eidsdal skule

«BARN OG UNGE MED KUNNSKAP, IDENTITET OG ANSVAR»

Utarbeidinga av planane var eit delprosjekt i bygdesatsinga «Grøn handling – Green action» for bygda Eidsdal. Er ein del av satsinga «Grøn fjord 2020».

Gjennomsiktig logo - Klikk for stort bilete

Ambisjonen er å utvikle Eidsdal skule til ein pilotskule når det gjeld formidling og prosjektarbeid med grunnlag i verdsarvverdiane, berekraftig utvikling, miljøvenleg energibruk og ivaretaking av natur, kultur og miljø. Bevisst bruk av verdsarvområdet med omland for å nå måla i læreplanen.

Eidsdal skule har gjennom mange år satsa sterkt på å bruke nærområdet sitt, byggje stoltheit til og kunnskap om bygdene og naturen her, og samarbeide med næring og frivillige organisasjonar. Dei årlege fjellturane som innleiar skuleåret for ungdomsskulen, går over fleire dagar og har gjeve skulen positiv merksemd og heider. Skulen scorar generelt høgt i nasjonale målingar på resultatoppnåing. Skulen sit med fleire ressurspersonar i lærarkollegiet som «brenn» for ei slik satsing. Satsinga har vore lansert i Foreldra sitt arbeidsutval og fått tilslutnad der. Fleire aktørar innafor næringslivet og frivillige organisasjonar i bygda ynskjer å bidra i satsinga. Eit slikt prosjekt vil falle svært godt innafor læringsmåla i ei rekkje fag, og likeeins innafor den generelle delen av læreplanen.

På undersidene vil de finne planane vi har laga, samt aktivitetar vi har hatt i samband med prosjektet.