Søknad om lengre skulefri

Søknadsskjema for lengre skulefri.

Viktig at ein søkjer i god tid før ev. fråvær.

Kontaktlærar kan gi fri frå skulen inntil 1 dag. Ut over dette må det søkjast på elektronisk skjema.

Jfr. §2-11 i Opplæringslova: Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.