Eidsdal skule SFO

Eidsdal skule har sfo før og etter skuletid fire dagar i veka + samarbeid med Dalsbygda barnehage onsdagane og partalstorsdagane(1. klasse).

Eidsdal skule har tilbod om SFO for elevane i 1. - 4. klasse. Opphaldsstad er "nyavdelinga", dvs. same området som 1. og 2. klasse brukar til vanleg. Dette tilbodet er måndag, tysdag, torsdag og fredag. Onsdagane og partalstorsdagane har vi eit samarbeid med Dalsbygda barnehage, slik at dei som har behov for heildagsplassar den dagen, kan vere der.

Opphaldstida på SFO for "våre" fire dagar er kl. 0700 - 0830 om morgonen og kl. 1405 - 1635 om ettermiddagen. Onsdagane og partalstorsdagane(1. klasse) følgjer ein opningstidene til barnehagen, dvs. kl. 0700 - 1630.

Søknadsskjema til SFO kan de finne her.

Dei kommunale vedtektene for SFO kan de finne her.