Leksehjelp Eidsdal skule

Skulen skal ha eit tilbod om gratis lekshjelp. Her er litt informasjon om ordninga ved Eidsdal skule.

Eidsdal skule har leksehjelp for elevar i 3. - 7. klasse kvar tysdag og torsdag etter skuletid. Leksehjelpa startar opp kl. 1415 og varer i ein time, dvs. til kl. 1515. I perioden mellom skuleslutt og leksehjelp skal elevane ta seg ein matbit.

Har de informasjon om endringar, elevar som ikkje skal på leksehjelp m.m. kan de ta kontakt med rektor på sms eller e-post.

Elevane har rett på 8 timar med leksehjelp i løpet av skuletida på Eidsdal skule. For skuleåret 2018/2019 tilbyr vi leksehjelp for elevar i 3. - 7. klasse.

Dei som er interessert i å ha leksehjelp, kan ta kontakt med rektor.