Eidsdal skule på NRK sin klassequiz i ettermiddag

I alt har 24 skular meldt seg på i Møre og Romsdal, og måndag ettermiddag mellom kl 1530 og 1600 er det Eidsdal skule sin tur. Kvart lag består av tre deltakarar pluss ein vara. Det skal svarast på tolv spørsmål fordelt på tre kategoriar. Du kan lese meir på NRK sine heimesider.