Framside

Artsbestemming av stein - 1. og 2. klasse

Besøk av steinspesialisten vår, Knut Eldar Relling.

1. og 2. klasse held for tide på med å lage seg spelet "Tre på rad". Spelebrikkane er steinar vi har funne i fjøresteinane. Kvar elev har måla 5 bier og 5 marihøner til sitt spel. Men undersidene har dei ikkje måla. Og i dag kom Knut Eldar for å funne ut kva slags steinar dei ulike biene og marihønene var.

Enkelte elevar meinte vi kanskje kom til å finne gull. Knut Eldar og elevane studerte dei ulike steinane nøye med lupe. Det viste seg at alle var av bergarten gneis, med ulike mengder av minerala glimmer, kvarts og feltspat i seg. Nokre av steinane var nesten heilt kvite og hadde difor mykje kvarts i seg. Dei som glitra mest hadde glimmer i seg. Og dei synest elevane var finast. Men gull, nei, det  fann vi dessverre ikkje. Men spennande var det!