Nyheitsarkiv

Våronn på Severinbrauta

Onsdag 15. mai var valfagsgruppene på Severinbrauta.

Her jobba dei med å ordne rundt huset og starta på litt gjerding. Ein kjekk ettermiddag for elevane i 8. og 9. klasse.

Severinbrauta er ein freda husmannsplass frå 1870 på Veiberg i Eidsdal. Det er no ei stifting: Stiftinga Severinbrauta som driftar og vedlikeheld husmannsplassen. På sidene deira står det at bygninga, interiøret og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar frå førindustriell tid. Meir informasjon om Severinbrauta kan de finne her og på Facebook-sida deira.