Nyheitsarkiv

Omvendt julekalender

1. - 4. klasse har samla inn kr. 2019,- til omvendt julekalender.

Vi har hatt som tradisjon dei siste åra at dei yngste elevane på skulen har vore med på omvendt julekalender frå SOS Barnebyer. I vekene før jul har dei lært om korleis ungane på SOS Barnebyer har det. Inntektene går til å gje barn som manglar omsorg ein stabil familie og ein trygg heim.

Elevane har fått inn kr. 2019,-, som er sett inn på kontoen til omvendt julekalender hos SOS Barnebyer.

Meir informasjon om omvendt julekalender, kan de finne her.