Nyheitsarkiv

Kulturdag for 1. - 4. klasse i Norddal kommune

Elevane i 1. - 4. klasse frå Eidsdal skule og Valldal skule hadde kulturdag tysdag 14. mai.

Tysdag 14. mai vart ein kjekk dag for alle elevane i 1. - 4. klasse på Eidsdal skule og Valldal skule. Dei fekk velje mellom fem ulike aktivitetar: Teaterleik med Olla Rypdal, Vikingleikar med Skafti Helgason, Danseverkstad med Anna Liv Gjendem og Thea Marie Ytterdal, Tekstil med Trine Nordaunet Berge og Måling på stein med Tove Løvik.

Alle elevane fekk vere med på to aktivitar, ein før matpausen og ein etter.

Her kan de sjå noko av det dei gjorde på kulturdagen.