Nyheitsarkiv

Knut Eldar på steinoppdrag i 1. og 2. klasse

Tjuandags-Knut har for lengst jaga jula ut. Men her på skulen var 1. og 2. klasse så heldige å få besøk av ein annan Knut like før jul.

Tjuandags-Knut har for lengst jaga jula ut. Men her på skulen var 1. og 2. klasse så heldige å få besøk av ein annan Knut like før jul. I Norddal bur det nemleg ein kar som har god greie på stein. Han heiter Knut Eldar Relling og kom for å hjelpe oss med å finne ut kva bergartar steinane vi hadde samla høyrde til. Elevane hadde laga seg eit nissepar som skulle sitje på ein steinsokkel. Men kva heitte steinen dei hadde funne til sine nissar? Knut Eldar forklarte om bergartar og mineral. Og etter kvart som han fann ut kva bergart og mineral steinen bestod av, skreiv vi det under steinen, slik at elevane kan finne att namnet her. Det meste var gneis, noko som var eit kjent namn for elevane gjennom kompisen vår Gaute Gneis. Fleire av steinane inneheld også glimmer, noko ungane var kjent med gjennom venninna Gloria Glimmer.

Knut Eldar hadde også med seg ein venn som var laga av stein, men som ikkje hadde fått noko namn enno. Han spurde om elevane kunne finne på namn til han. Den utfordringa tok elevane på strak arm, og steinfiguren fekk det klingande namnet Steinar Steinur. Så vart det verdsarvdåp av Steinar, i god verdsarvskuleånd!

Knut Eldar hadde også med seg nokre flotte steinar frå steinsamlinga si, som elevane fekk studere, vite namnet på og vite kvar han hadde funne. Til slutt fekk elevane kvar sin fint polerte stein av Knut Eldar. Elevane fekk også ein lapp med namnet på steinen, så no har elevane enno ein flott stein til steinsamlinga si.

Takk for hjelpa til Knut Eldar, og velkomen tilbake. Han kjem nemleg snart på besøk att. Då skal han hjelpe oss med å finne ut kva bergartar og mineral det er i steinane vi har brukt til å måle på. Elevane har måla fine mønster på den eine sida av steinen, medan den andre sida har sitt naturlege mønster. Inspirasjon til denne type måling, fekk vi då vi var på besøk på naturgarden til Tove og Roar i haust. Tove hadde måla flotte mønster på steinar, som låg ute rundt om på garden. Så no er vi spente på kva Knut Eldar finn ut om steinane våre. Kan det denne gongen ha lurt seg inn ein Frode Feltspat kanskje?

bilde1.JPG - Klikk for stort bilete bilde2.JPG - Klikk for stort bilete bilde3.JPG - Klikk for stort bilete bilde4.JPG - Klikk for stort bilete bilde5.JPG - Klikk for stort bilete male.jpg - Klikk for stort bilete