Nyheitsarkiv

Gaute Gneis og vennane hans.

Gjengen samla. - Klikk for stort bilete Tysdag 27. september hadde 1. - 4. klasse besøk av Gaute Gneis og vennane hans.  

1.-4. klasse hadde gleda seg veldig til å få besøk av Gaute Gneis og vennane hans. Desse skulle kome på besøk til oss, som ein del av opplegget 1.-4. klasse har i samband med verdsarvskulen.

Den første vi møtte var geita Lykle. Men ho fekk snart selskap av fleire, både moder Mantel, Gaute Gneis og etter kvart alle vennane hans. Dei viste oss eit skodespel, som på ein artig måte formidla korleis det flotte fjell- og fjordlandskapet her i området vart til. Vi fekk også vite kor viktig det er at vi tek vare på denne flotte naturarven og litt om korleis vi kan gjere det.

Etter at skodespelet var ferdig, var Gaute Gneis og geita Lykle ute saman med elevane og hadde fleire artige steinaktivitetar og -leikar.  Elevane deltok med stor iver i dei ulike aktivitetane.

På slutten av dagen fekk elevane sjå ei steinsamling som Gaute Gneis hadde med seg. Han viste også fram ulike ting som var laga av stein. Elevane fekk også kvar si eske med små rom i, som dei kan samle sine eigne steinar i. Denne dagen fekk dei to steinar kvar av Gaute Gneis, så no har dei allereie fått ein fin start på steinsamlinga si. Til desse steinane følgde det med namnlappar, slik at elevane veit namna på steinane sine. Kanskje kan vi få Gaute Gneis på besøk att når elevane har fått samla mange  steinar sjølve, slik at Gaute Gneis kan hjelpe oss med å finne namna på desse steinane også.

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Alle vart med på danserekkja. - Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Steinsamling. - Klikk for stort bilete

 

 

Gaute Gneis og Lykle. - Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Lykle var populær. - Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete