Nyheitsarkiv

Duodji

3. og 4. klasse har hatt prosjekt med Duodji i perioden fram til samefolkets dag.

Duodji er samane sitt tradisjonelle handverk og husflid. Omgrepet blir brukt både om sjølve arbeidet med å lage noko og det som blir laga. Det er naturmateriale som blir brukt mest, som skinn, pels, trerøter, horn og bein. I tillegg har ein også brukt glasperler, tinn og ull.

Ein av lærarane tok med seg litt utstyr til skulen ein av dagane. Her kan de sjå litt av det dei såg på den dagen.