Nyheitsarkiv

Besøk på Fjordsenteret

Torsdag 4. oktober var 3. og 4. klasse på besøk på Fjordsenteret i Geiranger.

Torsdag 4. oktober var 3-4. klasse på tur/besøk til Fjordsenteret i Geiranger. Elevane har jobba ein del med omgrepet verdsarv og lært litt om andre verdsarvstadar i Noreg. Denne kunnskapen fekk dei vist då Merete Løvoll Rønneberg stilte dei spørsmål om kva stader dei såg på ulike bilete. Ho vart imponert over alt dei kunne allereie. Merete fortalde om kvifor området vårt fekk verdsarvstatus og kriteria som må oppfyllast for å få ein slik status. Dette  vart presentert på ein morosam og spennande måte. Ulike figurar førestilte m.a. folk i bygdene våre, statsminister og representantar i Unesco.

Å sjå kor grensene i verdsarvområdet er blei synleggjort på eit stort kart på golvet. Dette innbaud også til elevaktivitet!

Elles guida ho oss gjennom utstillingane , og her var det mange spennande ting å utforske. Nokre tok også ein tur inn i magen til Moder Mantel , medan andre la puslespel eller las fakta frå ulike skjermar.  Ein kjekk tur!