Nyheitsarkiv

Besøk frå Glacier Bay

Måndag 1. april fekk vi besøk frå verdsarvstaden Glacier Bay i Alaska.

National Park Ranger-ane Steven og Ingrid frå Glacier Bay National Park & Preserve var måndag 1. april på besøk på Eidsdal skule. Her fekk våre elevar og elevane frå Geiranger skule informasjon om verdsarvområdet i Alaska.

Først vart det vist ei ny framsyning med Gaute Gneis og vennane hans. Så fekk 1. - 7. klasse informasjon om Glacier Bay. Etter matpausen fekk ungdomssteget eit besøk, kor vi fortalte litt om våre skular og dei fortalte litt om Glacier Bay.