Nyheitsarkiv

4. klasse haustar av naturen

I haust har 4. klasse vore og hausta bær, frukt og grønsaker.

I mat og helse-timane i haust har 4. klasse vore på Relling i Norddal og hausta av bær, frukt og grønsaker. Dei var i Olegarden og plukka bringebær og rips, ein tur innom Ebbegarden og plukka plommer og før dei til slutt enda opp i Tove og Roars naturgard. Her fekk dei vere med og plukke litt grønsaker. 

Etter dei var i Norddal og plukka, har dei hatt sylting og safting på skulekjøkkenet. Elevane var godt nøgde med resultatet.