_Arkiv_

Geologiprosjekt hausten 2016

Astor Furseth på besøk. - Klikk for stort bilete Ungdomsskulen jobba i september med eit geologiprosjekt. Bl.a. fekk vi besøk av Astor Furseth, var ein tur på Geologiens dag i Norddal og ein tur på Kallskaret. 

Geologiens dag i Norddal. - Klikk for stort bilete Torsdag 20. september fekk vi, saman med 5.-7. klasse, besøk av Astor Furseth. Han informerte ein del om geologien i nærområdet. Informerte også om fangstanlegga i fjella. Viste også ein film om Tafjordulykka i 1934.

Fredag 21. september var ungdomsskulen på besøk på utstillinga i samband med Geologiens dag i Norddal.

Måndag 26. september var 8. og 9. klasse på geologitur til Kallskaret.